Logg inn

alarm

RESOLUSJON.

Frå Norske Kvinners Sanitetsforeining Sogn og Fjordane sitt fylkesårsmøte 27. - 28. april 2013. Fylkesårsmøtet ser med stor uro på planane om å flytte Alarmsentralen, 110 sentralen, ut av fylket. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, vil samlokalisere 110-sentralen i Florø med Hordaland.

Det har kome inn ei rekkje klager i samband med nedleggingsplanane. I fyrstninga av april bad Justisdepartementet DSB om betre informasjon og ei konsekvensanalyse. Då tenkte alle at planane var lagde på is. Men no sist fredag kom det ei utsegn frå avdelingsdirektøren for DSB i Sogn og Fjordane som sa at Justisdepartementet skal få den informasjon og den analysen dei har bede om, men Alarmsentralen i Sogn og Fjordane skal leggast ned, og ingen analyser vil endre det synet. Sogn og Fjordane er eit fylke med krevjande topografi, og vi ser nærleik og lokalkunnskap som svært viktig. Vi har ein ver utsett kyst, vi har mykje og vanskelege fjell og stor rasfare.

Eit godt kompetansemiljø er bygt opp her i Sogn og Fjordane, og dette må ikkje bli flytta ut or fylket. Fylkesårsmøtet 2013 i Norske Kvinners Sanitetsforeining, Sogn og Fjordane bed difor om at Alarmsentralen, 110 sentralen, også i framtida blir i Florø.

Huset "Soltua" i Florø vert mykje brukt og som medlem kan du leie både lokaler og overnattingsplassar ved høve. Består av 33 lag med over 1700 medlemmar. Fylket har eigedomen "Soltua" og eige styre for "Solfondet". Fylket har si eiga avis "Solposten" som kjem ut 2-3 gongar i året. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig og livsynsnøytral. Soltua har lokaler for utleige!

Se større bilde:

soltua kollasj