Logg inn

skoleungdommer

Norske Kvinners Sanitetsforeining, Sogn og Fjordane Fylke, samla til årsmøte 27. og 28.april. 2013, er uroa over dei planane som er framlagde for dei vidaregåande skulane i fylket. Barn og unge er eit av hovudsatsingsområda til Norske Kvinners Sanitetsforeining. Foreiningane yter store summar både lokalt og sentralt til arbeid for barn og unge. Å gi dei unge ein trygg og god oppvekst avheng av mange faktorar. I tillegg til heimen, er nærmiljøderunder skule- og fritidstilbod, viktige faktorar.

Sogn og Fjordane var framsynte, det vart utbygt eit desentralisert skuletilbod, eit tilbod som gav storparten av ungdommane høve til å vere i sitt eige nærmiljø til dei var ferdige med vidaregåande. Dei fleste av oss er så gamle at vi har prøvd hybellivet i ung alder. Den gongen var det ikkje noko som heitte rett/plikt til 13 års skulegang. Dei av oss som valde realskule/ gymnas hamna på ein statsrealskule eller eit landsgymnas. Felles for desse tilboda, var tilrettelagde bu forhold. Anten var der internat eller skulen ordna hybel der hybelverten tok seg av oss som sine eigne ungar. I dag lyt skuleelevane kjempe på ein hybelmarknad med skyhøge huseleiger, eller bruke ein stor del av det som skulle vere fritid, til pendling. Kjære politikarar! Tenk Dykk om før de riv grunnen under dei gode skuletilboda vi har i fylket. Vi kjem inn i ein vond sirkel ingen av oss er tente med.

Dei flinkaste elevane får skuleplass der dei ønskjer, men kva med dei som slit? Dei kjem lengst bak i rekka og hamnar gjerne heilt andre stader enn det som er enklast for dei. Dette gjeld alle, same kvar ein bur i fylket. Vår oppmoding er: la skuletilboda framleis vere spreidde over heile fylket, la flest mogeleg elevar få oppleve tryggleik og mestring i skulekvardagen. La dei få fritid til å delta i det sosiale livet og på den måten få utvikle seg til gangs menneske og gode trygge samfunnsborgarar. Gi dei ei ungdomstid som gjer at dei vel å ha framtida si i trivselsfylket, Sogn og Fjordane.

Huset "Soltua" i Florø vert mykje brukt og som medlem kan du leie både lokaler og overnattingsplassar ved høve. Består av 33 lag med over 1700 medlemmar. Fylket har eigedomen "Soltua" og eige styre for "Solfondet". Fylket har si eiga avis "Solposten" som kjem ut 2-3 gongar i året. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig og livsynsnøytral. Soltua har lokaler for utleige!

Se større bilde:

soltua kollasj